12.5.07

Vår i Trondheim

Då er våren endeleg komen skikkelig her nord, og årets første skikkelige ekspedisjon gikk til Selbusjøen. Med skinnande nytt drivverk og fresh sykkelbukse med ypperlig rævpute var det berre å legge i veg mellom vårgrøne marker, nysådde jorder, ivrige golfarar og millionar av kvitveis i skråningane. Ein del andre syklistar var naturleg nok også å sjå på ein fin vårlaurdag. Etter ein time på setet frå Tyholt kunne eg sette meg ned på dei kvite steinane i den regulerte fjæra og kooose meg meg NøttiFrutti. På veg heim att gjekk vegen i ei sløyfe nesten bort til skianlegget i Vassfjellet, og ein koslig bris frå nord tok ut dei siste kreftene over Risvollansletta. Må nok bli ein tur rundt Byneset før eksamensslutt også...

0 Comments:

Post a Comment

<< Home